Topp-Trimmen


No er topptrimmen i gang! Årets topptrim starta denne veka og varer til 7.juni 2019 Elevane på Seim skule får klippekort på skulen. Andre som har lyst på klippekort kan hente det på Spar Seimstrand. Vi håper foreldre, søsken, besteforeldre, tanter, onkler og alle andre som liker å gå på tur blir med på Topptrimmen. Klippekortet er gratis for medlemmer i Seim IL. (Link til innmelding finner du på www.seim-il.com) Dersom du har lyst på klippekort, men ikkje ønskjer å vera med i Seim IL kan du Vippse oss 100.- kr for kortet (#121183) eller betale i nettbank 3632.50.07375 Husk å merke betalinga med namn!

Aktuelle turmål

  1. Kråketangen 3p, Veibeskrivelse
  2. Blåfjellet 3p,
  3. Totlandsfjellet 3p
  4. Husfjellet 3p
  5. Seimsvarden 5p
  6. Krossane 6p
  7. Gladihaug 8p
  8. Hellefjellet 4p
  9. Vassberget 6p
  10. Hatthamrane (Odderåsfjellet) 3p
  11. Bøkevollfjellet 3p
  12. Skarsveten 3p
  13. Ramberget 3p
  14. Eldsvarden (Haukåsfjellet) 3p
  15. Bergfjordsfjellet 3p
  16. Lyngheisenteret 2p
  17. Gjerdfjellet 5p, Veibeskrivelse

Du får 2 poeng pr time du går eller syklar til skulen.

Andre turmål: 2 poeng pr. time

Alle som når 50 (1-4 klasse) eller 75 poeng (5-7 klasse) i løpet av skuleåret er med i loddtrekninga.

Info

Seim Idrottslag og foreldreutvalet (FAU) og Seim skule inviterer alle elevane ved skulen (og foreldra!) til å ta turar i skog og mark og til fjells.

Me oppmodar alle som kan det om å gå eller sykla til skulen.

Dersom du overnatter ute i naturen får du 2 bonuspoeng (pr natt)

Alle som i skuleåret 2018/2019 greier å samle seg 50 poeng (1-4 klasse) og 75 poeng (5-7 klasse) før 7. juni er med i loddtrekningen om ein sykkel (verdi 3000 kr ) og andre gåvepremier.

For å være med på trekningen av sykkelen må ein gå minst opp på ein fjelltopp.

Alle som har gått 10 av 17 turar, vil på trekningsdagen, få ein gave av idrettslaget.

Det er ekstra premie til de barna som går på alle 17 fjella i skjema

Klippekort- det ligger ei tang på kvar topp/i postkassa på kvar topp. Barnet må klippe i sitt kort for å få premie for 10 eller 17 topper. Det er ulike mønstre på saksene.