Tilkomst til Nordhordlands Hallen pga. Covid-19 Vaksinering.

Til: idrettslag som nyttar Nordhordlandshallen eller nærliggjande anlegg i tida framover

Hei,

Som de kanskje har fått med dykk allereie vert det endra køyremønster i området kring Nordhordlandshallen i forbindelse med vaksineringa som skal ta til i tida framover. Det skal vere vegarbeid i området der oppkjøringa til hallen vanlegvis skjer.  Vedlagt finn de informasjon om endra køyremønster.

Me ber om at dei som har anledning nyttar parkeringsplassen som ligg ved sidan av Knarvik ungdomsskule når dei skal til hallen eller kringliggjande anlegg slik at det berre er dei som treng det som nyttar det endra køyremønsteret. Det vil vere mogleg for dei som skal drive aktivitet i fotballdelen av hallen, eller i trimrommet om å gå bort til hallen, men be medlemmane de har vere ekstra varsam når dei ferdast i området framover.

Kjente vaksinasjonstidspunkt per no er:

– torsdag 4.2 kl. 16 og utover ettermiddag/kveld samt fredag 5.2 på formiddag.

– kvar tysdag frå og med veke 6 (9.februar) frå kl. 16.30-19.30.

Dette er slik me gjer det per no. Dette kan endre seg utover i tida med vaksinering gjeldande både køyremønster, men også tidspunkt og dagar for vaksinering. Me vil informere fortløpande om det kjem ny informasjon til oss angåande desse tinga.  

https://www.alver.kommune.no/korona/koronavaksine/#heading-h2-4

cid:image001.png@01D66FE4.A168E0C0